Høddskulen - øktplanar

I disse dagar rulles det ut ferdigsydde øktplanar til alle lag i barnefotballen, øktene er utarbeida av spelarutviklarane på Høddskulen. Eitt av laga som har kome godt i gang med å teste ut dei ulike øktene er G07.

I disse dagar rulles det ut ferdigsydde øktplanar til alle lag i barnefotballen, øktene er utarbeida av spelarutviklarane på Høddskulen og blir presentert for trenarane gjennom mentorordninga. Disse øktplanane skal testast ut av lagstrenarane i haust og bygger på tematikken som er gjeldande for kvart alderstrinn i skuleringsplanen. Hovudformålet med dette er at vi ønskjer ein klarare blå tråd i treningsarbeidet frå dei yngste til dei eldste.

Sebastian Nilsen, Hødd Ekstra trening
Sebastian Nilsen, Hødd Ekstra trening

Eitt av laga som har kome godt i gang med å teste ut dei ulike øktene er G7, spelarutviklar Sebastian Nilsen observerte ein av treninga til laget førre veke og hadde følgande kommentar:

- "Utrolig moro å se at trenerne på dette kullet virkelig har satt planverket vårt ut i praksis på feltet, her var det utrolig mye fornuftig og lærerik aktivitet. Økta hadde meget god flyt og intensitet, gruppa var differensiert på en måte som gjorde at så mange som mulig fikk oppleve mestring på sitt nivå samtidig som de ble utfordret. Trenerne var engasjerte å tilstede og klarte på en glimrende måte å forsterke ønskede handlinger hos spillerne. Rett og slett en strålende fotballtrening"

Annonse: