Hødd2 - Ørsta 5-2

Peter Hasund med tre skoringar mot Ørsta

Hødd2 og Ørsta med Vegard Heltne i sjefstolen møttes til treningskamp på Høddvoll tirsdag kveld. Det vart til slutt ein komfortabel siger til heimelaget som til slutt vann 5-2 etter skoringar av Peter Hasund (3) Bam Hide og Robin Hjelmeseth. Stillinga til pause var 2-1.  

Hødd var det førande laget gjennom heile kampen og med litt meir presisjon i siste fase kunne det blitt fleire skoringar til heimelaget, som bytta heile fem spelarar i pausa. Siste 20 minutta fikk vi også sjå ein gamal kjenning tilbake på fotballbana då Jesper Törnqvist gjorde come-back etter å ha slitt med ein skade i vårsesongen. 

Mange fikk speletid i denne kampen og for enkelte som kom inn i 2.omgong var dette debuten på Hødd2, og dei kom godt i frå det. 

Hødd2 stilte med følgande lag i 1. omgang:

Benjamin Boujar, Elias Mordal, Ola Heltne Nilsen, Håkon Thormodsæter, Johannes Sundgot, Petter H.Worren, Bam Hide, Robin Hjelmeseth, Andreas Breimyr, Joachim Osvold, Peter Hasund. 

Inn til 2.omgang: 

Bastian Rasmussen for Bam Hide, Jakob Sætrenes for Petter H.Worren, Kristian Vatsaas for Johannes Sundgot, Gustav Dimmen for Joachim Osvold, Håkon Fjørtoft for Robin Hjelmeseth, Richard M. Hasund for Andreas Breimyr. 

Inn siste 20 min:

Isak Endal for Benjamin Boujar

Jesper Törnqvist for Håkon Thormodsæter

Annonse: