HØDD TINE FOTBALLSKULE

Hødd har den store gleda av å invitere til fotballskule første veka etter skuleslutt. Dette er måndag 25. juni til fredag 29. juni. FOTO: tine.no.

Hødd vil i år arrangere fotballskule for alle born fødde mellom 2005 og 2011. Vi vil ha aktivitet for desse måndag til fredag frå kl. 0900 – 1500.

Hovudaktiviteten vil vere fotball, men vi vil også leggje opp til andre aktivitetar for å skape variasjon.

Påmelding:

Frist: Fredag 1. juni
Epost: oddmund@hodd.no
Telefon: 48259191
Pris: 1200,- inkl. lunsj og frukt for heile veka.
Søskenmoderasjon: 200 kroner i moderasjon for barn nr 2.

300,- pr dag om ein ikkje ønskjer heile veka. Oppgi kva dagar ved påmelding.

Informasjon om korleis ein betalar kjem etter at påmeldingsfristen er ute.

Annonse fra Obos-ligaen: