Hødd-spelarar på Fylkeslaget

Fire Hødd-spelarar er tekne ut på Fylkeslaget til Møre og Romsdal G15. Dei reiser i helga til Trondheim for dobbeltkampar mot Trøndelag!

I forrige veke kom uttaket til Fylkeslaget til Møre og Romsdal gutar 15 år. Dei som skal representere Møre og Romsdal frå Hødd er i denne omgang (frå venstre) Daniel Notanes Brandal, Andreas Fjørtoft, Fredrik Dimmen Gjerde og Adrian Haraldsvik. 

Daniel og Andreas er offensive midtbanespelarar, Fredrik sentral midtbanespelar og Adrian er keeper. 

Det blir spelt to kampar i helga - begge mot Fylkeslaget til Trøndelag. Kampane vert spelt laurdag kl. 18.00 og søndag kl. 12.00. 

Les meir om uttaket her: 

https://www.fotball.no/globalassets/krets/nogr/spillerutvikling/uttak-fylkeslag-g15.pdf

Vi ønsker gutane og Møre og Romsdal lykke til!

Annonse fra Obos-ligaen: