Hødd møter Odd 2 på Skagerak Arena

Mandag kl. 14.00!

På eit så uvanlig tidspunkt som mandag kl. 14.00 skal Hødd i aksjon mot Odd 2 i 17. serierunde i PostNord-ligaen.

Hødd har både skåra fire mål og spelemessig levert bra i dei to siste kampane, men med seks innslupne mål har det blitt null poeng. Dermed står Hødd med tre strake tap, og berre ein siger på dei sju siste kampane før møtet med Odd-rekruttane. 

Hødd-kaptein Jesper Tørnqvist må sone karantene, medan spelarar som Vegard Heltne og Martin Mork Breivik fortsatt er skada.

Odd 2 har ikkje vunne på sine sju siste kampane, men har tatt med seg tre uavgjort i desse. Laget ligg nest sist på tabellen, og har plukka med seg poeng i halvparten av sine heimekampar denne sesongen.

Didrik Sereba satte inn 1-0 til Hødd som også vart sluttresultatet i vårmøtet på Høddvoll.

Kampen kan du som vanlig sjå direkte på Sunnmørsposten. 

Annonse: