HØDD I 100 - KICK-OFF FOR JUBILEUMSÅRET

IL Hødd fyller 100 år i 2019. Vi inviterer alle som er glade i klubben til familiearrangement med historisk sus på Sjøborg laurdag 26. januar kl. 19.00.

Hødd 100 år i 2019

Vi har tatt oss ein prat med Arne Flatin som er med i jubileumskomiteen. Her kan du lese om det som skjer på Kick-Off i januar, men også løpet av jubileumsåret.

Det blir avspark for jubileumsåret på Sjøborg kulturhus i januar. Kva kan du seie om arrangementet?

- Dette skal vere ei markering av starten på jubileumsåret for klubben og derfor blir dette arrangementet lagt til januar. Det blir fleire intervju på scena med sentrale Hødd-profilar frå fotball, handball, turn og friidrett frå 1950 og utover. Det har også blitt laga ein jubileumskolleksjon som blir presentert og her kan du få kjøpt retro-drakt, skjerf, hue, ballar og krus etter at arrangmentet er ferdig.

- Dette arrangementet er det jubileumskomiteen som står bak og det har blitt jobba godt det siste året.

Billettar

Billettane er gratis å kjøpe og desse kan du få kjøpt via Sjøborg sitt billettsystem. Dette gjer at dei som kjøper billett kan få velje plassar sjølv og at dei får sete i lag dersom det er ønskeleg. Det blir satt ei maksgrense på 6 billettar per. person.

Du kan kjøpe billettar på sjoborg.no, i kafeen på Ulstein Arena (Vikemyra 2, telefon 70 01 77 00, opningstider) og i Kinokiosken (ope 45 min før kvart arrangement).

Billettpris kr 0,-

Du kan gjennomføre eit "kjøp" på vanleg måte, for å sikre deg plass.

Andre markeringar gjennom jubileumsåret

- Det blir ei stor markering under "Smak av Ulstein" der Hødd er godt representert frå dei ulike gruppene. 

- Løpet av året blir det også ein jubileumsfest på Ulstein Arena.

- Der vil også kome ei jubileumsbok som ikkje er kronologisk som tidlegare bøker, men med 100 gode historier med bileter.

- Fotoutstilling med bileter frå Hødd si historie.

- Markering under Norway Cup 1.august. Det er mange lag som er med frå Hødd denne veka og planen er å få til noko med Hødd-fana som ei markering, og kanskje synge Hødd-hymna på sletta. Det har også blitt snakka om å ta kontakt med TV2 for å få ein Hødd-kamp på TV. Det blir mest truleg også ei markering i Ulsteinvik sentrum eller på Høddvoll denne dagen. 

- Hødd-monumentet kjem også på plass løpet av 2019.

- Jubileumskamp på Høddvoll.

- Historielaget i Ulstein vil også ha ei historisk vandring på Høddvoll.

- Blåsarane planlegger grilldag på Høddvoll.

Det er mykje som skjer løpet av jubileumsåret og det blir ei flott markering av 100-års jubilanten! Vi gler oss!

Annonse: