Hødd Ekstra Jenter 13-15 år

Det er no opna for påmelding for hausten 2017.

Hødd Ekstra Jenter er eit treningstilbod for motiverte jenter i alderen 13 til 15 år. Tilbodet gjeld for spelarar i Hødd og Hødd sine naboklubbar, og vil komme i tillegg til dei vanlege treningane til kvar enkelt spelar.

Det er fri påmelding, men vi har følgjande kriterier for spelarane som vil vere med:

- Dei skal kunne gå i seg sjølv for å bli best mogleg.
- Dei skal ville lære.
- Dei skal vere fokusert i øvingar og spel.
- Dei skal aldri gi opp når ting er vanskeleg.

Praktisk informasjon
- Torsdagar 18.00 - 19.15.
- Pris: 1140,- (pluss transaksjonskostnad).
 - Søsken: 50% avslag.
- Dato: 10.august - 14.desember.
- Påmeldingsfrist: 01.august.

PÅMELDINGSINFORMASJON FINN DU HER!

Annonse: