Hødd-Brattvåg 1-2

Eit Hødd-lag med fem juniorar og sju ulsteinvikarar i startoppstillinga tapte årets fjerde treningskamp.

Det vart ein jamnspelt kamp på Høddvoll både i banespelet og sjanseprotokollen.

Hødd stilte med fem juniorar frå start, inkludert heile midtbanetrioen.

Brattvåg tok leiinga før to minutt var spelt. Eit innlegg frå høgre enda på bakre stolpe, der Scott Fellows heada ballen sikkert i mål. 

Hødd utlikna etter 38 minutt. Robin Shroot med flott forarbeid, innlegg via foten til Peter Hasund, og Håkon Brautaset scora sikkert frå kort hald. 

1-1 til pause i ein forholdsvis sjansefattig første omgang.

I andre omgang vart det heller ikkje produsert all verden foran dei to måla, og bortelaget scora omgangens einaste mål. Emil Dahle snappa ei feilpasning, og lobba ballen over Jan Lennart Urke i Hødd-buret.

Dermed årets første heimetap for Hødd, som no har to sigrar og to tap så langt i sesongoppkøyringa.

Neste kamp for dei blåkvite er borte mot Molde.

Laget: Jan Lennart Urke, Martin Mork Breivik (Didrik Sereba, 62.), Jesper Tørnqvist, Daniel Eid (Hugues Wembangomo, 45.), Vegard Heltne, Bendik Rise, Peter Hasund (Aleksander Rekdal, 45.), Eirik F. Saunes, Magnus Myklebust, Robin Shroot, Håkon Brautaset (Sondre Beite, 57.).

Annonse: