Uavgjort mot Blindheim/Fortuna

Caroline Overvåg sikra poengdeling like før full tid

Hødd sitt damelag står framleis utan tap i årets sesong etter poengdeling mot Blindheim/Fortuna i gårsdagens oppgjer på Høddvoll. Hødd var i periodar det førande laget i første omgong, utan at det resulterte i skoring. Dermed gikk laga til pause med 0-0. Etter kvilen var det Blindheim/Fortuna som først fikk uttelling, då dei gikk opp i leiinga i det 53.minutt. Hødd jobba på for utlikning, men klarte ikkje å skape dei heilt store sjansane og det såg ut til å gå mot årets første tap då klokka nærma seg 90.minutt. Men kaptein Caroline Overvåg ville det annleis då ho i det 88.minutt fikk ein ball feilvendt inne i feltet, vende seg bort frå Blindheim/Fortuna sin forsvarar og sette ballen kontant i mål med venstrefoten. Fleire skoringar vart det ikkje i kampen og dermed 1-1 og poengdeling. Neste kamp er tysdag 25.september borte mot Brattvåg. 

Hødd-Blindheim/Fortuna 1-1 (0-0)

Mål: 0-1 53. min (Ødegård) 1-1 88. min (Overvåg)

Hødd sitt lag:

M.Heggstad, C.Bakke, A.Nevstad, J.Helvig, M.Gustavsen, R.Ertesvåg, L.Stave, A.Aahjem, T.Holstad, A.Thunem, C.Overvåg.

Innbytte: E.Aahjem, O.Sundgot, H.Rekdal, T.Ertesvåg, A.Tødenes, R.Sande

Foto Arne Flatin

Annonse: