HØDD-ÅRBOKA 2018

Laurdag 1. desember kl. 10.00 starta salet av Hødd-årboka på Blåhuset.

No kan du sikre deg Hødd-årboka 2018! Den vert i sal frå laurdag 1. desember kl. 10.00 på Blåhuset.

Arne Flatin vil i desember vere å finne på Blåhuset og Amfi Ulsteinvik. Tider for sal av boka blir lagt ut på Hødd si Facebook-side. 

Ei flott årbok fylt av bilde frå Hødd sin aktivitet gjennom året

Forfattar Arne Flatin leverer på nytt ei bok fylt av bilde frå Hødd sin aktivitet gjennom året. I år har Norway Cup fått hovudfokuset, ein arena der fleire hundre ungdomar, foreldre, trenarar og patriotar møter opp ei veke kvar sommar. Der er også eige kapittel om Hødd United som er ein fenomenal gjeng. Handball, turn og trimgruppa har fått sin rettmessige plass. I tillegg til damefotballen og herrelaga i fotball. Eit lite blikk på neste års 100-årsjubileum er det også.

Årboka er den 9. i rekka og er ei flott julegåve å gi til familie, vennar og kjente.

Prisen for årets Hødd-årbok er kr. 380,- og du kan betale med kort, kontant og VIPPS.

Ta turen innom Blåhuset og Amfi Ulsteinvik i desember for ein hyggeleg handel av årets Hødd-årbok!

Annonse: