Hødd 2 - Rilindja laurdag ettermiddag!

Laurdag ettermiddag kl. 16.00 tek Hødd 2 i mot Rilindja til ny kamp i Norsk Tipping-ligaen avdeling 1.

Laurdagens motstander Rilindja har klart seg bra etter opprykket frå 4. divisjon førre sesong. Dei ligg på ein 8. plass med 22 poeng så langt, men har plukka 14 av poenga sine på heimebane. Etter sommarpausen har Rilindja spelt fire kampar, og fasiten på desse kampane er ein siger (Herd), to uavgjort (Follo, Ready), og eit tap (Lokomotiv Oslo). 

Heimelaget Hødd 2 har også spelt fire kampar etter sommarferien. Den første kampen enda med siger 2-0 mot Drøbak/Frogn, medan dei tre siste kampane har enda med tre knepne tap: KFUM2 2-3, Ullern 2-3 og Lokomotiv Oslo 1-2. Prestasjonane har vore betre i haust samanlikna med i vår, men marginane har ikkje vore på blåkvit "side".

Vi håper på ein ny god prestasjon frå Hødd 2 på laurdag! 

Informasjon om kampen og laga sine tropper finn de etterkvart her: https://www.fotball.no/fotballdata/kamp/?fiksId=6903088

Vi ønsker Rilindja, dommartrio og publikum velkomen til kamp!

Heia HØDD!

Annonse: