Hødd 2 møter formlaget

Serieleiar Hødd 2 spelar borte mot Emblem torsdag.

Emblem er formlaget i 4. divisjon, og står med fem strake sigrar etter ferien. Laget ligg på fjerdeplass på tabellen, 21 poeng bak Hødd 2. Heime har Emblem spelt fire kampar på rad utan å sleppe inn mål.

Seks kampar gjenstår i serien, og Hødd 2 leiar divisjonen med sju poeng på Bergsøy. Tre sigrar til vil truleg halde til opprykk og ein utviklingsarena som Hødd ønskjer å spele i med rekruttlaget.

Hødd 2 har fire sigrar på rad, med ei målforskjell i desse på 18-2. Forrige fredag vart det ein 7-0-siger over naboane frå Hareid.

Borte har Hødd 2 ein uavgjort og sju sigrar så langt denne sesongen, klart flest bortepoeng av alle i 4. divisjon.

Då laga møttes i vår på Høddvoll, enda kampen 6-0 til Hødd 2. 

Torsdagens kamp vert nok langt jamnare. Kampstart er kl. 18.30 på Emblem stadion, og vi håper mange blåkvite tek turen for å følge Hødd 2.

Dette er troppa:

1 Sivert Olai Pieroth
2 William Fjørtoft
3 Aleksander Kostopoulos Rekdal
4 Elias Martin Flø
5 Preben Alexander Sætre
6 Isak Skare Haanes
7 Håkon Botn Brautaset
8 Wachirawut Phudithip
9 Bader Rahhaoui
10 Peter Saunes Hasund
13 Bastian Myklebust Rasmussen
14 Eirik Franke Saunes
15 Gustav Brandal Dimmen
17 Isak Gabriel Skotheim
18 Sander Djupvik
20 Johannes Sundgot
25 Joakim Goksøyr Ulstein

Annonse: