Hødd 2 møter Bergsøy på Høddvoll gras

Fredag er det duka for toppoppgjer i 4. divisjon kl. 18.30.

Hødd 2 startar haustsesongen med lokalderby mot Bergsøy fredag.

Dei blåkvite gjekk gjennom vårsesongen med 10 sigrar og ein uavgjort på 11 kampar, og toppar tabellen sju poeng foran nettopp Bergsøy.

Grunna den pågåanade talentleiren på Høddvoll, er fredagens kamp flytta til gamle ærverdige Høddvoll gras.

Hødd 2 vann alle sine fem heimekampar i vårsesongen, og det med ein målforskjell på 23-1. Bergsøy på si side står med berre eit tap så langt i sesongen, og det var mot nettopp Hødd 2 i serieopninga.

Vi minner om at det som vanleg er gratis inngang og open kiosk.

Velkommen!

Annonse: