Hødd 2 - Drøbak/Frogn 2-0!

"Osvold-dobbel" sikra Hødd 2 tre poeng.

Fyrste haustkamp for Hødd 2 var imot Drøbak/Frogn som låg på 3.plass etter vårsesongen. I det forrige oppgjeret mellom laga enda det med 4-2 siger til Drøbak/Frogn, etter at Hødd 2 var i leiinga 2-0. Dette ønska dei blåkvite å revansjere på Høddvoll mandag ettermiddag - og det gjor vi!

Kampen opna på best mogleg måte for Hødd. Ein pasning i bakrommet frå Johannes Sundgot enda opp i beina på Joachim Osvold. Spissen sette ballen sikkert i lengste hjørnet og 1-0 var eit faktum. Etter scoringa heldt heimelaget fram med å dominere, og gjestane trua ikkje Hødd sitt mål nevneverdig. 

Ut over i fyrste omgang kom Drøbak/Frogn meir inn i kampen. Gjestane pressa høgare i bana, og heimelaget gjor nokre enkle feil som enda i målsjanse til Drøbak/Frogn. Heldigvis vart ikkje dei få sjansane omsett i mål. 1-0 stod seg til pause. 

Den andre omgangen opna motsatt av den første. Gjestane fekk eit "trykk" på Hødd, men dei blåkvite stod godt imot. Trass i eit lite overtak evna ikkje Drøbak/Frogn å skape målsjanser i denne perioden. I staden var det Hødd som skulle få kampens andre scoring. På ei kontring sprang Peter Hasund og Joachim Osvold ifrå Drøbak/Frogn-forsvaret. Fyrstnemnte var uegoistisk åleine med keeper og spelte ballen på tvers til Joachim Osvold, som sette ballen sikkert i mål.

Frå 2-0-målet spelte heimelaget klokt og hadde god kontroll resten av kampen. Heimelaget skapte fleire sjansar i andre omgang og kunne auke leiinga, men det vart ikkje fleire mål på Høddvoll i ettermiddag. 

Trenar Sander Nyland sa følgande til heimesida etter kampen:
"Vi leverer ein godkjent prestasjon, der vi i perioder av kampen er gode. Det fører i dag til tre poeng mot eit godt fotball-lag, og det er vi fornøgde med. No skal vi glede oss over sigeren, og bygge vidare på dette!", avsluttar han. 

Hødd 2: Benjamin Boujar, Preben Sætre, Jesper Törnqvist, Johannes Sundgot (Ola Heltne Nilsen, 11 min), Bastian Rasmussen, Håkon Brautaset (Håkon Thormodsæter, 45 min), Andreas Breimyr (Petter Worren, 35 min), Bam Hide (Gustav Dimmen, 16 min), Peter Hasund, Robin Hjelmeseth, Joachim Osvold (Daniel Brandal, 5 min). 

Vi takker Drøbak/Frogn og dommartrio for kampen, og ønsker lykke til vidare denne sesongen!

OBS! Vi gratulerer Daniel Notanes Brandal med debut for Hødd 2 når han kom inn i andre omgang! 

Annonse: