HØDD 2 - BERGSØY I KVELD

Hødd 2 spelar i kveld heimekamp mot Bergsøy på Høddvoll. Kampstart kl. 18.30!

Hødd 2 tek i kveld i mot Bergsøy til kamp i 4. divisjon og det er to lag på øvre halvdel som skal kjempe om poenga.

Bergsøy er på 2. plass med 20 poeng og er 5 pong bak serieleiar Volda. Laget frå Fosnavåg visste god form i starten på sesongen, men i dei to siste seriekampane har det endt med tap mot både Ørsta og Volda. Laget er derfor litt ute av form før dei gjestar Høddvoll i kveld. 

Hødd 2 har spelt jamt med dei fleste laga i vårsesongen, men har ikkje fått full uttelling i form av poeng i alle kampane. Laget er plassert på ein flott 5. plass etter ti spelte seriekampar. 

Sjå tropp og lagoppstillingar her:

Vi ønskjer Hødd 2 lykke til i dagens kamp mot Bergsøy!

 

Annonse: