Hødd 2 – SIF/Hessa

I morgon onsdag kl. 18:30 spelar Hødd 2 heime mot SIF/Hessa

Etter førre fredags storsiger over Rollon er laget klar til ny kamp på Høddvoll. I den 4.serierunda er det SIF/Hessa som kjem på besøk. SIF/Hessa tapte 0-4 for Volda førre fredag. 
 
Kampen mot Rollon enda 2-6, Målscorarar for Hødd 2 var Joachim Osvold x3, Bendik Engen x2 og John Oskar Hatlebrekke Rekdal 1. Laget har verkeleg funne scoringsforma og er i god utvikling.
 
Jesper har dette å seie om morgondagens kamp:
 
- Vi hadde ein fin opplevelse sist kamp mot Rollon og håpar at vi klarar å gjenskape den prestasjonen! Vi har sett bra ut på trening og gler oss til kamp
 
Tropp
Joakim Ulstein, Adrian Haraldsvik, Bastian Rasmussen, Ola Heltne Nilsen, John Oskar Hatlebrekke Rekdal, Sondre Gjerdsbakk, Erlend Skeide, Marcus DImmen, Jakob Sætrenes, Pijus Marcinkevicius, Sindre Kleiven, Tobias Hatløy, Iver Skeide, Håkon Fjørtoft, Håkon Thormodsæter, Bendik Engen
Annonse: