HJELMESETH: - FYR OPP!

Vi har tatt oss ein prat med tomålsscorar Robin Hjelmeseth frå førre heimekamp mot Brattvåg!

Ein solid kamp, god prestasjon og 3 poeng heime mot Brattvåg sist. Det er vel noko å bygge vidare på i dei komande kampane?

- Trur alle i garderoben sat igjen med ein god følelse om at vi hadde gjennomført ein veldig god kamp, spesielt offensivt. Samhaldet i laget verkar å vere veldig bra. Trur litt av nøkkelen er å huske på kvifor vi var så gode som vi var, slik at vi kan starte der kvar gong.

To flotte skoringar på målkonto sist. Det var vel ein god følelse å ta med seg inn mot neste kamp mot Alta?

- Ja, det var veldig deilig å score mål, og endeleg å få utteljing for arbeidet som blir lagt ned i kvardagen. Det gir ein god inngang til det som skal skje på mot Alta. 

Hødd skapte fleire gode målsjansar i kampen mot Brattvåg og det gir vel ei tryggheit inn mot neste kamp at det offensive er på gong?

- Ja, vi skapte mykje meir enn vi har gjort tidlegare og det er bra. Vi ynskjer heilt klart å bygge vidare på prestasjonen frå sist, og aller helst forbetre den. Det vi gjorde mot Brattvåg sist både offensivt og defensivt må forbetrast til denne kampen – ingen grunn til å bli nøgd, men sjølvsagt godt med ei stadfesting og ei oppleving av å lykkast i lag. 

Laget la ned mange meter sist og dekte store rom med godt presspel. Det blir vel også nøkkelen mot eit Alta lag i storform? 

- Vi er godt fysisk trente og eit godt organisert lag. Det er berre å sjå på målskilnaden så ser vi at vi slepp inn lite mål, men samtidig har vi nokre store sjansar i mot oss no sist, så vi kan ikkje slå oss til ro. Pressspelet blir nok også denne gangen viktig, og at vi treffer på timinga og avstandane i presset vårt. Vi kan kanskje presse enda smartare også.

- Hadde også ikkje vår feil å la Alta få kjenne på at det går ann å lage trøkk på stadion sjølv med berre 200 tilskodarar heller, så fyr opp!

Vi ynskjer Robin og resten av laget lykke til i kampen mot Alta!

Annonse: