Hjelmeseth: - Eit steg opp for meg

Robin Hjelmeseth elskar å vere tilbake i Ulsteinvik og Hødd.

- Greit at Elverum spelar ein divisjon over Hødd i år, men for meg er det heilt klart eit steg opp å kome tilbake til Høddvoll. For det første fordi eg no får spele førstelagskampar igjen, men like mykje fordi Hødd er ein mykje større klubb med fantastiske fasilitetar og langt større potensial, seier Robin Hjelmeseth.

Hødd sin heimevendte son forlot dei blåkvite før 2015-sesongen for å få meir speletid, og returnerar til Hødd no av same årsak. 

- Korleis er det å vere tilbake i Hødd-drakta?

- Dette er heimplassen min. Eg har vakse opp i klubben. Det er her eg mest av alt ønskjer å lykkast som fotballspelar og bidra til at Hødd kjem tilbake. Det er fantastisk kjekt å vere tilbake!

- På kva måte har du utvikla deg som fotballspelar sidan du var i Hødd sist?

- Eg har blitt meir voksen i spelestilen. Bedre taktisk, bedre feilvendt og tøffare i duellspelet. Rettvendt og foran kassa har eg alltid vore bra. I tillegg er eg meir bevisstgjort korleis eg skal trene.

Hjelmeseth scora 18 seriemål i 2. divisjon i 2016-sesongen, og bidro sterkt til at Elverum rykka opp i OBOS-ligaen. Men i Obos-ligaen vart han berre avspist med tre kampar i vårsesongen.

- Det var veldig skuffande å ikkje få bidra meir enn eg fekk i Elverum i år, men no er eg i Hødd, og tenkjer framover.

- Korleis var det å score etter to minutt tilbake på Høddvoll?

- Wow, det var deilig! Men også ein lettelse å få unna den første scoringa. Det er berre å bygge vidare på den, og fortsette å putte.

Hødd har scora åtte mål på tre haustkampar, og har spelemessig vist bra utvikling dei siste kampane.

- Har du følt ei stigning i laget på den tida du har vore her?

- Heilt klart! Sjølv synes eg vi som lag har hatt god framgong berre frå Fram Larvik-kampen og fram til no, både på trening og i kamp.

- Har du begynt å nærme deg toppforma di?

- Eg er nok ikkje i superslag enno, men eg nærmar meg. For min eigen del synes eg kroppen var lett i dei to første kampane, men mot Odd 2 gjekk det tyngre. Det har nok med at eg har spelt lite kampar i vår. Men forma blir stadig bedre, så dette skal bli bra.

- Korleis ser du på framtida for Hødd?

- Hødd høyrer til i norsk toppfotball, så det handlar om å kome tilbake dit så fort som mulig. Vi må berre satse tøft for å klare det, og gi alt. Eg skal i alle fall bidra med alt eg har framover!

- Men først er det Fana på søndag. Kvifor vinn vi?

- Vi har begynt å score mål, og har eit bedre lag enn Fana. Vi skal gi jernet, og det skal halde til tre poeng!

Annonse: