Seks debutantar i Hødd-siger

Hødd vann 1-0 mot Spjelkavik.

160 tilskodarar på eit regnfullt Høddvoll fekk sjå mange gjere sin Hødd-debut i årets første treningskamp fredag kveld.

Unggutane Elias Flø og Gustav Dimmen debuterte frå start, og det same gjorde prøvespelar Preben Sætre.

Første omgang vart ingen høydare. Hødd kontrollerte kampen, men tre halvsjansar og seks hjørnespark var det næraste heimelaget kom Spjelkavik-buret.

Sondre Beite og Peter Hasund kom inn i pausa. Både Beite og Dimmen kunne gitt Hødd leiinga innledningsvis, og Robin Shroot fekk ei scoring annulert for offside. Spjelkavik hadde ei god femminutters-periode etter timen, og skapte nokre farligheiter.

Hødd tok leiinga etter 68 minutt. Torbjørn Kallevåg spelte Shroot åleine med keeper, som felte briten. Kallevåg var sikker på straffesparket og 1-0.

Etter dette produserte Hødd eit par gode muligheiter utan å få uttelling.

70 minutt ut i kampen var det klart for to nye debutantar då Bam Hide og Sander Djupvik gjorde sin entrè, og med eit kvarter igjen fekk også Ståle Pettersen sin A-lagsdebut.

Robin Shroot var nære å doble leiinga, men Spjelkavik-keeper og ulsteinvikar Benjamin Kaldhol sto på rett plass og redda skuddet frå kloss hald.

Siste ti minutta hadde begge lag muligheit til å score. Først då ein Hødd-spelar hadde heile målet ope, men valgte å slå ei pasning istadenfor å skyte. Deretter måtte Pettersen ta fram ei god redning på ei Spjelkavik-avslutning, før Bam Hide sto åleine i sekstenmeteren, men fekk ikkje satt pannebrasken på ballen. Hasund kom i same situasjon på overtid, men ballen sklei av panna.

Kampen ebba ut med 1-0-siger i ei grei gjennomkøyring for Hødd.

Neste kamp er borte mot Aafk om ei veke.

Hødd (4-3-3): Jan Lennart Urke (Ståle Pettersen, 75.), Martin Mork Breivik, Hugues Wembangomo, Steffen Moltu, Preben Sætre; Elias Flø (Sander Djupvik, 70.), Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset (Peter Hasund, 45.); Gustav Dimmen (Bam Hide, 70.), Robin Shroot, Magnus Myklebust (Sondre Beite, 45.).

Annonse: