GODE SVAR I GENERALPRØVA

Hødd damelag spelte tidvis ein god kamp mot eit ungt Stryn-lag og vann til slutt 9-2 i siste treningskampen før sesongstart.

Hødd damene møtte Stryn til treningskamp laurdag og dei frammøtte på stadion fekk sjå tidvis god angrepsfotball av heimelaget.

Målskorarar i kampen var Anna Nerland Aahjem x3, Ragnhild Ertesvåg x3, Agata Drozdzik x2, Andrine Nevstad. 

Trenar André A. Gardshol sa dette etter kampen:

- Vi spelte laurdag ein god kamp mot Stryn, spesielt i første omgang var vi svært gode offensivt med godt pasningsspel og mange samtidige bevegelsar. Defensivt og i gjenvinningspresset er vi også bra i perioder, men har meir å gå på her. Andre omgang blir prega av at intensiteten dett, vi får større strekk i laget og at det blir gjort ein del bytter. Men vi er svært godt nøgde med prestasjonen mot Stryn. 

- Laurdag møter vi Sunndal borte til årets første seriekamp i 2. divisjon og vi fekk derfor mange gode svar mot Stryn laurdag. No ventar ei god treningsveke med god intensitet, fokus og innstilling. Vi skal førebu oss godt og vere klar når første sparket på ballen går mot Sunndal. Vi gler oss skikkeleg til kamp neste helg! 

Vi takkar Stryn damelag for kampen og ønsker dei lukke til med årets sesong!

Hødd damene serieopnar borte mot Sunndal neste laurdag kl. 14.00. Vi håper at fleire tek turen til Sunndal og støttar laget når dei skal kjempe om årets første 3 poengar i 2. divisjon!

 

Annonse: