God kontroll i 3-2 sigeren over Langevåg

Eit ungt Hødd 2-lag spelte onsdag kveld kamp mot divisjonskollega Langevåg på Høddvoll - i det som var årets tredje treningskamp for rekruttlaget.

Kampsamandrag

Kampen innleia med eit klart overtak favør heimelaget. Dei heilblå hadde ballen mesteparten av tida, men litt lite tolmod i frispelinga og på siste tredjedel gjorde at skoringane let vente på seg.

I det 45. speleminutt skulle skoringane derimot kome. Etter eit flott angrep på venstresida enda ballen hos Peter Hasund som banka ballen i mål frå distanse. Stillinga ved pause var 1-0 i ein kamp heimelaget dominerte banespelet og slapp ikkje motstandaren til ein einaste sjanse.

Etter pause fortsette Hødd 2 å dominere kampbildet. 2-0 kom etter nok eit flott angrep av Roar Amundsen - etter gode kombinasjonar og gjennombrot sentralt.

Forskjellen på første og andre omgang var at Langevåg var skarpare på kontringane etter sidebytte, og det var nettopp på kontring 2-1-målet kom på.

Etter reduseringa held Hødd 2 fram med å dominere kampen og det var mykje "nesten-sjansar". Etter kvart skulle heimelaget notere seg for endå ei skoring når Sander Djupvik fann Isak Skotheim inne i 16-meteren med ei flott pasning. Ungguten var sikker aleine med keeper, og 3-1 var eit faktum.

Heilt på slutten fekk Langevåg ei ny redusering til 3-2 - men sigeren til rekruttane var aldri særleg trua.

Målskorarar

1-0: Peter Hasund
2-0: Roar Amundsen
3-1: Isak Skotheim

Laget

(4-3-3): Sivert Pieroth - Bam Phudithip (Bastian Rasmussen), Daniel Eid (Elias Flø), Aleksander Rekdal (Saki Ushey), Sveinung Tilseth - Peter Hasund (Petter Worren), Roar Amundsen, Sander Djupvik - Bastian Rasmussen (Isak Skotheim), Isak Haanes, Gustav Dimmen.

Neste kamp for Hødd 2 blir mot Bergsøy onsdag 01.03.2017 kl. 19.00 på Høddvoll.

Annonse: