FYRSTE HEIMEKAMP FOR HØDD 2

Fredag møter rekruttane Emblem på Høddvoll kl. 18:30

Hødd 2 gikk på eit 4-2 tap i fyrste seriekamp borte mot Valder førre fredag. Håkon Fjørtoft og Iver Skeide scora måla for Hødd. Emblem tapte også sin fyrste seriekamp på Emblem stadion mot Volda 1-2.

Hovudtrenar Jesper seier dette om kampen mot Emblem:

- Vi møter eit godt fysisk lag der vi er godt førebudd på det som ventar oss. Vi har så godt som alle i trening og vi har fått jobba godt etter siste kamp der vi hadde ein svak prestasjon. Vi ynskjer å revansjere oss og å sjå ut som det fotballaget vi veit vi kan være. Vi gler oss til fyrste heimekamp!

No er det duka for Hødd 2 sin fyrste heimekamp for året, så det er berre å ta turen til Høddvoll i morgon fredag for ein spanande kamp i 4.divisjon!

Det er gratis inngang!

Annonse: