FREDRIKSTAD BORTE I SERIEOPNINGA

Sesongen starta for fullt søndag for Hødd når laget spelar årets første seriekamp borte mot Fredrikstad søndag kl. 16.00. Les meir om kampen her!

Då er seriestarten like rundt hjørnet og a-laget finpussar forma til søndagens bortekamp mot Fredrikstad FK. Laget har lagt bak seg 58 fellestreningar, 20 morgenøkter med forskjellig innhald og 10 treningskampar sidan starten av januar. Vi har visst framgang kvar veke og laget ser verkeleg fram mot søndag!
 
Det har vore ein del utskiftingar i stallen sidan i november. Steffen Moltu, Magnus Myklebust, Eirik Haugan, Benjamin Boujar, Marius Hagen, Markus Naglestad, Henrik og Andreas Breimyr, har alle forlete klubben.
 
Inn har vi fått Netan Sansara, Robin Shroot, Tobias Bjørnebye, Vegar Berntsen og Jens Husebø.
 

OM FREDRIKSTAD 

Det har vore store utskiftingar i laget til Fredrikstad også etter at opprykket rauk i kvalifiseringa til OBOS-ligaen i fjor. Laget tapte her 4-1 over to kampar mot KFUM. Ein av spelarane klubben har henta er fjorårets Hødd-spelar Marius Hagen. Du kan lese om alle overgangane til Fredrikstad her!
 
I 2018 besøkte 4325 tilskodarar Fredrikstad stadion. Dette var ligaens høgste tilskodarsnitt i fjor. For å gjere ei samanlikning her var neste lag på lista Raufoss med 780 tilskodarar i snitt. Interessa er derfor stor rundt klubben, sjølv om laget no spelar på nivå 3 i Norge.
 
Per Mathias Høgmo var trenar for laget i 2018, men har no gått over ei stilling som Sportsleg leiar. Ny trenar for laget er Bjørn Johansen.
 
Kven Fredrikstad har møtt i si oppkøyring kan du lese litt meir om her!
 

INNBYRDES OPPGJER

Fredrikstad og Hødd spelte sist mot kvarandre i 2016 i OBOS-ligaen og ser vi på innbyrdes oppgjer dei siste åra mellom laga, så kan det fort bli jamnt igjen søndag i serieopninga.
 
Siste 5 kampar mellom laga:
2016: Hødd - Fredrikstad 2-2
2016: Fredrikstad - Hødd 1-0
2015: Fredrikstad - Hødd 1-2
2015: Hødd - Fredrikstad 1-1
2014: Hødd - Fredrikstad 2-0
 

Siste 3 poengar borte mot Fredrikstad kom i 2015. Då vann Hødd 1-2 på Fredrikstad stadion etter skoringar av Magnus Myklebust og Steffen Moltu.

ENDELEG SERIESTART FOR HØDD

Endeleg er serien i gang Sander, kva er det du gler deg aller mest til på søndag?
 
- Vi gler oss aller mest til å spele ein obligatorisk kamp igjen og alt det medfører. Vi gler oss enormt til å reise til Fredrikstad å spele ein seriekamp igjen, det er tross alt eit halvt år sidan vi spelte siste obligatoriske kamp! Det er jo nettopp dette vi trenar for, å spele desse kampane!
 
Blåsarane har sett opp buss til Fredrikstad og det ryktast at mange elles også tek turen. Korleis er det å ha ein så fantastisk supportarskare?
 
- Det betry alt for oss å ha ein så fantastisk supportargjeng som støttar oss kvar bidige helg. Det set vi uturuleg stor pris på.
 
Korleis ser du for deg kampen?
 
- Eg ser for meg ein kamp mellom to gode fotballag. To jamne lag, der det laget som er flinkast til å få fram den offensive og defensive tilnærminga si vil gå sigrande ut av kampen. Det blir ein jamn og tøff kamp der vi må stole på eigne ferdigheiter og å tørre!
 

WRELE: - GOD OPPKØYRING MED GODE PRESTASJONAR

Opningskampen på Nye Høddvoll i 2015 enda 1-1, der årets kaptein Joakim Wrele scora allereie etter 4 min. Vi har tatt oss ein liten prat med Jokke angåande kampen på søndag. Dykk har hatt ei bra oppkøyring til sesongen 2019. Korleis er humøret i spelargruppa så nærme seriestart?
 
- Humøret er veldig bra, vi er ei god og samla gruppe. Vi er spente og forventningsfulle til seriestarten!
 
Er dykk klare til kampen søndag?
 
- Ja det er vi. Vi har hatt ei god oppkøyring med gode prestasjonar. Vi har ingen sjukdom eller skade i troppa. Alle er i kampform og klar. Vi er ei forholdsvis ny spelargruppe, men eg føler at vi har fått gode relasjonar både på og utanfor bana. Der mange unge som kjem til å få prøve seg i år. Alle i gruppa har spelt mykje så langt i oppkøyringa, der alle har fått god kamptrening. Så vi gler oss utruleg mykje!
 

TÖRNQVIST: - GUTTA ER HELDIGE SOM FÅR DRIVE MED DETTE!

Jesper har vore med i gamet lenge og er som kjend fysisk trenar og assistenten til Sander. Han var nest sist på ballen der Jokke scora i 2015. Kva må spelarane være forberedt på når vi møter eit lag som Fredrikstad, allereie i fyrste serierunde?
 
- Vi må gle oss til kamp først og fremst. Det blir ei fantastisk ramme og eg trur kampen vert bra. Gutta er heldige som får drive med dette!
 
Korleis ser skadesituasjonen til stallen ut?
 
- Bra, vi har alle man i trening og det er gledelig! Vi har trent godt i nokre månadar no så det skal bli godt både for spelarane og trenarane å spele om poeng!
 

KORLEIS KAN EG SJÅ ELLER FØLGJE KAMPEN LIVE?

Kampen kan du sjå live på Fredrikstad stadion – billettar kan du kjøpe på førehand ved å klikke deg inn her eller du kan kjøpe billett på Stadion før kampen. Det er solgt ca. 3000 billettar til kampen. Les meir om dette på FFK si heimeside her!
 

BLÅSARANE PÅ VEG

Vår 12 mann Blåsarane er på vei til Fredrikstad og satte kursen nedover fredag kveld. Vi håper også alle andre som bor i nærheita også tek turen på kamp. Bli med Blåsarane å syng med under kampen! 
 
Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet (*krever abonnement).
 

TROPP

Ole Monrad Alme, Vegar Berntsen, Daniel Eid, Jens Husebø, Joakim Wrele, Netan Sansara, Johannes Sundgot, Eirik Saunes, Bendik Rise, Bam Hide, Tobias Bjørnebye, Preben Sætre, Robin Hjelmeseth, Robin Shroot, Peter Hasund, Håkon Brautaset.
 
Vi ønskjer laget lykke til mot Fredrikstad søndag!
 

KAMPFAKTA

  • POSTNORD-LIGAEN 2019 AVD. 1

  • FREDRIKSTAD - HØDD

  • FREDRIKSTAD STADION

  • 14.04.2019 KL. 16:00

 
Annonse fra Obos-ligaen: