FOTBALLFEST PÅ HØDDVOLL

Fotballfest på Høddvoll dagen før dagen når Hødd Damelag tek i mot Hareid! Kampstart kl. 18.30.

Fotballens nasjonaldag - 16.mai

Fotballens nasjonaldag er endeleg her og i år er det Hødd damelag som spring ut på Høddvoll og skal kjempe om nye 3 poeng! 

Det er duka for storoppgjer når Hareid damelag gjestar Høddvoll onsdag 16.mai. Eit skikkeleg lokaloppgjer!

Det blir ein festdag med fokus på jentefotballen i Hødd og vi håper mange tek turen til Høddvoll i dag. 

Gratis inngang, kiosk, speakerteneste, visning av kampen på storskjerm og vi håper sjølvsagt alle som kjem på kampen lagar god stemning på tribuna. 

Fotballskule for jenter

Men først ut er fotballskulen frå kl. 17.00 til 18.15 for jenter i alderen 7-12 år og det er meldt på nesten 30 jenter. Instruktører frå Høddskulen, spelarar på A-laget og Damelaget er ansvarleg for å gjennomføre treningsøkta på fotballskulen. 

Jesper - Kjekt at så mange jenter blir med på fotballskulen

Kjekt at så mange jenter blir med på fotballskulen og dei skal få ei god oppleving når dei er her. Treningsøkta er tatt ut i frå Høddskulen og vi håper jentene set igjen med ny kunnskap og læring etter fotballskulen, seier Jesper Törnqvist.

Om Hareid

Hareid damelag har starta sesongen med 6 av 9 moglege poeng og er før kveldens kamp plassert på ein 4. plass. Laget tapte første seriekamp mot HaNo, men har kome sterkt tilbake etter denne kampen og vunne både mot Blindheim/ Fortuna og Brattvåg.

Victoria Røren er laget toppskorar med 3 mål på tre kampar.

Hødd - Sterkt resultat mot opprykksrivalen Volda

Hødd starta sesongen med to uavgjorte kampar mot FK Sykkylven og Herd 2, men tok ein knallsterk siger mot Volda på heimebane i forrige seriekamp. Dette er eit sterkt resultat mot ein av opprykksrivalane til Hødd i 3. divisjon. 

Hødd ligg plassert på ein 6. plass, men både Hareid og Hødd (også HaNo) har ein kamp mindre spelt enn dei andre laga i divisjonen. Med 3 poeng til Hødd damene i kveld vil laget klatre opp på 2. plass og kun ha to poeng opp til serieleiar Volda.

Tropp

Lene Mari Våge Myklebust, Ellen Nerland Aahjem, Lina Dorthea Solheim Stave, Caroline Overvåg, Marte Aarsand Vik, Anna Nygård Thunem, Gro-elise Aksnes, Astrid Oline Roppen, Andrine Nevstad, Anna Nerland Aahjem, Cecilia Mari Strand Bakke, Vilde Sundnes Sundal, Merethe Molvær Terøy, Oline Marø Sundgot, Therese Hareide Holstad, Erika Espeseth Skarbø, Madelen Gustavsen, Thea Ertesvåg.

HEIA HØDD!

Annonse: