FØRSTE TRENINGSKAMP FOR DAMELAGET

Hødd damelag spelar årets første treningskamp borte mot Herd tysdag kl. 18.15 på AMFI Moa Stadion!

Allereie i første treningskamp skal Hødd-damene opp mot god motstand når divisjonskollega Herd i 2. divisjon står på motsatt halvdel. Heimelaget Herd spelte i helga treningskamp mot 1. divisjonslaget Kaupanger og tok her ein sterk 1-0 siger. Hødd vil derfor få testa seg skikkeleg mot eit sterkt lag tysdag.

Hødd reiser med eit ei lita tropp og eit ungt lag til denne kampen etter ein litt ruskete vinter så langt.

Gardshol: - Kjekt å kome i gang

- Det blir først og fremst kjekt å kome i gang med treningskampane og bli kjent med laget. Vi har hatt litt smårusk i vinter med småskader, sjukdom og i tillegg har vi ikkje fått testa oss på stor bane enda. Vi reiser med eit ungt og spanande lag til kampen som vi håper skal slå godt frå seg. Det viktigaste blir uansett at vi får øvd på måten laget skal framstå på bana både offensivt og defensivt, seier trenar André A. Gardshol. 

Laget har fleire kampar i vente i tida framover. Komande laurdag skal laget opp mot nok ein divisjonskollega i Molde på Aker Stadion og onsdag 20. februar spelar J19 første kvalikkamp til NM heime mot FK Fortuna.

Tropp

Nikoline Gjerde, Madelen Gustavsen, Ragnhild Ertesvåg, Cecilia Bakke, Hannah Rekdal, Johanne Helvig, Anna Tødenes, Lina Stave, Andrine Nevstad, Anna Aaheim, Oline Sundgot, Thea Ertesvåg + 1-2 hospitantar.

Vi ønskjer damelaget lykke til i kampen mot Herd!

Annonse: