FØRSTE FELLESTRENING MÅNDAG

Vi inviterer til trening førstkomande måndag når A-laget starta med oppkøyring til ny sesong! Det blir servering av god og varm kaffi til dei som kjem innom treninga.

Etter ein lang ferie etter sesongslutt er no A-laget klare for årets første fellestrening når dei samlast igjen på treningsfeltet måndag 14. januar. Nokre av spelarane har allereie starta med treninga etter ferien, men første obligatoriske trening er i gang frå måndag av. 

Korleis blir det å kome i gang igjen med treningane?

- Det blir artig å kome i gang igjen for fullt. Vi har hatt eit lengre avbrekk, og både spelarar og trenarar ser fram til å kome skikkeleg i gang igjen med trening, seier Sander.

Er alle friske og klare for trening Jesper?

- Av dei som er på kontrakt er alle friske å raske og klare til oppkøyring til ny sesong! Det blir mykje trening med god kvalitet framover.

Slik trenar A-laget i veke 3

A-laget trenar måndag til fredag frå kl. 15.30. Tysdag er det lagt opp til test. Meir om testen kjem etter treninga måndag. Alle treningane skal i utgangspunktet gå på Høddvoll, men dersom forholda er for dårleg kan treninga bli flytta til Ulsmohallen.

Første treningskamp går av stabelen fredag 25. januar når Herd kjem på besøk til Høddvoll. Sjå heile oversikta over treningskampane til A-laget her!

Vi håper du tek turen innom å ser på årets første fellestrening! Alle som kjem innom vil få servert ein god og varm kaffi.

Velkomen!

Annonse: