Førde-Hødd 1-8

Storsiger og mange målskorarar i dagens kamp mot Førde

Etter litt ferie var det i dag duka for treningskamp mot Førde på Eid kunstgras, og det vart mykje mål og mange som noterte seg på skoringslista. Hødd åpna kampen veldig bra og skapte mange store målsjansar, men det "lugga" litt framfor mål i den første omgangen. Laga gikk til pause med 2-0 leiing til Hødd etter skoringar av Bendik Rise og Henrik Breimyr. Rise på eit kjempeflott langskot og Breimyr på ein presist slått corner der han heada ballen kontrollert i hjørnet. 

Etter pause var effektiviteten på plass og det kom tre kjappe skoringar på nokre få minutt, først ute var Preben Sætre, deretter 4-0 etter ein corner (sjølvmål) mens Joakim Wrele var sistemann på den femte skoringa. Etter dette tok det litt tid før 6-0 kom ved Magnus Myklebust som tippa ballen over streken etter ei avslutting frå Markus Naglestad. Sistnevnte satte inn 7-0 etter ei ferdigskora pasning frå Preben Sætre før Magnus Myklebust avrunda med 8-0, det også etter ei Sætre pasning. Her var det forøvrig litt diskusjon om kven som var sistemann på ballen, men konklusjonen til slutt var at Magnus får kreditert skoringa og Preben får for målgivande.

Det var også tre unge lovande som fikk debuten sin i dagens kamp, guteseplarane Sondre Gjerdsbakk, Iver Skeide og Isak Endal. 

Hødd laget: 

Alme, Haugan, H.Breimyr, Moltu (c) Eid, Wrele, Rise, Saunes, Sætre, Naglestad, Myklebust.

Innbytte (alle kom inn ca 15 min før full tid)

Isak Endal, Iver Skeide, Sondre Gjerdsbakk, Petter Haddal Worren, Marius Hagen. 

PS! Oddmund Davik Otterlei hadde bursdag i dag, så han fikk velfortjent sang av gjengen rett etter kampen. Gratulerer med dagen Oddmund!

Foto: Stig Høynes

Annonse: