Før kampen: Notodden - Hødd

Til helga er det klart for den åttande runda i PostNord-ligaen. A-laget møter Notodden i Idrettsparken søndag klokka 16:00.

Notodden har opna sesongen med to sigrar, to uavgjorte og tre tap. I helga blei det tap 3-1 mot Fana i Bergen (sjå høgdepunkt her). Laget opptrer oftast i 4-3-3, og har fleire spelarar med erfaring frå Eliteserien: Magne Hoseth, Erik Midtgarden, Jim Johansen, Henrik Gustavsen, Ole Marius Aasen og Martin Strange. Laget skal i kveld spele 3.runde i NM mot Stabæk, etter at dei slo ut Halsen og Arendal på bortebane i runde 1 og 2.

  • Hønefoss - Notodden 1-1
  • Notodden - Egersund 0-1
  • Halsen - Notodden 1-2 (NM)
  • Vard - Notodden 2-0
  • Notodden - Fram 4-1
  • Bryne - Notodden 0-0
  • Notodden - Odd2 2-1
  • Arendal - Notodden 1-2 (NM)
  • Fana - Notodden 3-1
Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Nardo Nardo 7 6 0 1 13 5 8 18
2 Nest-Sotra Nest-Sotra 7 5 2 0 21 5 16 17
3 Bryne Bryne 7 4 3 0 13 5 8 15
4 Hødd Hødd 7 3 2 2 9 9 0 11
5 Vard Haugesund Vard Haugesund 7 3 2 2 9 9 0 11
6 Fram Fram 7 3 2 2 9 10 -1 11
7 Vidar Vidar 7 2 3 2 14 12 2 9
8 Notodden Notodden 7 2 2 3 9 10 -1 8
9 Egersunds Egersunds 7 1 4 2 6 7 -1 7
10 Byåsen TF Byåsen TF 7 2 1 4 7 9 -2 7
11 Hønefoss BK Hønefoss BK 7 1 3 3 8 12 -4 6
12 Fana Fana 7 1 2 4 9 17 -8 5
13 Vindbjart Vindbjart 7 1 1 5 8 14 -6 4
14 Odd 2 Odd 2 7 1 1 5 11 22 -11 4

Tidlegare oppgjer
Sist gang laga møttest var i 2012 i dåverande Adeccoligaen (1.divisjon). Heime på Høddvoll blei det siger 2-1, medan det endte uavgjort 2-2 i motsatt oppgjer. 

  • Hødd - Notodden 2-1 (Mål: Victor Grodås og Espen Standal)
  • Notodden - Hødd 2-2 (Mål: Michael Karlsen og sjølvmål)

Kampinfo

  • Notodden - Hødd

  • Søndag 04.06.17 - 16:00

  • Idrettsparken

  • Dommar: Tore Olsen Hagelund


Kjelder: notoddenfk.no, fotball.no

Annonse fra Obos-ligaen: