FØR KAMPEN: HØDD-VARD

Hødd jaktar sin første siger mot Vard sidan 2004.

Hødd og Vard møtes til første «haustkamp» laurdag kl. 16.00 på Høddvoll.

Laga delte poenga i serieopninga i Haugesund i ein kamp som enda 1-1. Hødd-skåringa kom etter ein strålande enkeltmannsprestasjon av Torbjørn Kallevåg.

Vard ligg på plassen over Hødd på tabellen, og dei blåkvite vil passere raudtrøyene om dei tre poenga vert verande i Ulsteinvik.

Hødd vann 2-0 mot Egersund sist helg, medan Vard sigra 3-2 heime mot Odd 2.

Dei to klubbane har sjeldan braka saman, men nokre møter har det vorte, og vi må 13 år tilbake i tid for å finne sist gong Hødd vann mot nettopp Vard.

Magnus Myklebust, Tommy Sylte og Stig Haugland skåra måla i ein 3-0-siger på Høddvoll. Sidan den tid har laga møttes fire gongar, med to uavgjort og to Vard-sigrar som fasit.

Kampdags-kampanjen denne gongen er pizzastykker frå Pizzabakeren til rabattert pris kr. 25,- i kioskane. I tillegg blir det signert fotballkort av Steffen Moltu og Sindre Eid til dei 50 første under 16 år på stadion, alle er orginalsignert.

Portane opnar kl. 15.00. Vi sjåast på Høddvoll!

KAMPINFO

  • Hødd - Vard

  • Laurdag 15. juli kl. 16.00

  • Høddvoll

Annonse: