Før kampen: Hødd-Notodden

Ny kamp mot eit topplag.

Forrige helg vart det 2-2 borte mot ligaleiar Nest-Sotra. Eit sterkt resultat, men likevel litt skuffande sidan Hødd hadde ei tomålsleiing til langt ut i andre omgang.

Hødd er no ubesigra på sine fire siste kampar. Bortesiger mot Odd 2, vart fulgt opp av heimesiger mot Fana. Før dei to siste har enda med uavgjort borte mot Nardo og altså borte mot Nest-Sotra.

Notodden er i kanonform om dagen. Laget har vunne 10 av sine 11 siste kampar, inkludert seks strake sigrar. Klubben frå blues-byen har klatra seg heilt opp i opprykkskampen. Dei ligg no på 2. plass, to poeng bak ligaleiar Nest-Sotra, og eit poeng foran Bryne.

Det vert også gjensyn med vårens lånespelar Amani Mbedule, som no er på lån i Notodden. Han scora i debuten for Notodden, men har ikkje klart å spele seg til fast plass enno.

Hødd har Eirik Haugan (bilde) tilbake i troppa etter at han sona karantene mot Nest-Sotra. Martin Mork Breivik og Vegard Heltne er fortsatt ute med skader, men begge to er snart i full sving igjen. 

Kampstart på Høddvoll søndag er kl. 15.00. Portane opnar ein time før, og vi håper å sjå deg på Høddvoll! 

Annonse: