Før kampen: Hødd - Nardo

Laurdag kjem serieleiar Nardo til Høddvoll.

Trondheimslaget Nardo har opna sesongen forrykande, då dei står med 15 poeng på fem kampar i PostNord-ligaen. Samtidig rauk dei ut av cupen i 1.runde, etter eit 2-0 tap mot rival Stjørdals-Blink i Stjørdalen. 

  • Nardo - Vindbjart 2-1
  • Odd 2 - Nardo 0-4
  • Nardo - Byåsen 2-0
  • Fana - Nardo 0-1
  • Nardo - Hønefoss 2-0

Sidan forrige sesong, då laget berga plassen med ein margin på 1 poeng (7.plass i avdeling 2), har dei blant anna henta inn Morten Strand og Jørgen Solli (tidlegare juniorar i Rosenborg), Mats van der Weel (tidlegare Ranheim), samt Vebjørn Strypet, Sindre Wormdahl og Deniz Ciliongioglu frå andre 2.divisjonsklubbar. Dei har mista sentrale spelarar som Lars Arne Togstad og Jørgen Solem, samt keeper Bence Steer. Ein sentral spelar som fortsatt er i klubben er kaptein Albert Berbatovci, som har spelt over 120 kampar for klubben sidan han kom frå juniorstallen til Rosenborg i 2012.

Møt opp og støtt A-laget til nok ein 3 poengar - Kjøp billett her!

PostNord-ligaen avd 2

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Nardo Nardo 5 5 0 0 11 2 9 15
2 Nest-Sotra Nest-Sotra 5 3 2 0 10 2 8 11
3 Bryne Bryne 5 3 2 0 9 3 6 11
4 Vidar Vidar 5 2 2 1 10 7 3 8
5 Vard Haugesund Vard Haugesund 5 2 2 1 6 6 0 8
6 Hødd Hødd 5 2 2 1 5 6 -1 8
7 Egersunds Egersunds 5 1 3 1 4 4 0 6
8 Notodden Notodden 5 1 2 2 6 6 0 5
9 Hønefoss BK Hønefoss BK 5 1 2 2 7 9 -2 5
10 Fram Fram 5 1 2 2 5 8 -3 5
11 Vindbjart Vindbjart 5 1 1 3 6 9 -3 4
12 Byåsen TF Byåsen TF 5 1 1 3 3 6 -3 4
13 Fana Fana 5 0 2 3 5 8 -3 2
14 Odd 2 Odd 2 5 0 1 4 6 17 -11 1

Kampinfo

  • Hødd - Nardo

  • Laurdag 20.05.17 - 16:00

  • Høddvoll

  • Dommar: Sulman Maroof Hussain


Kjelder: nordicbet.com/no/blogg, nardofk.no og fotball.no.

Annonse: