Før kampen: Hødd - Fram Larvik

Laurdag klokka 16:00 spelar A-laget årets første heimekamp i PostNord-ligaen.

Hødd fekk med seg 1 poeng i bortekampen mot Vard Haugesund måndag 2. påskedag. Førstkomande laurdag gjestar Fram Larvik og trenar Petter Belsvik Høddvoll til årets første heimekamp. Laget frå Vestfold endte på 6.plass i fjorårets PostNord-liga (avdeling 4), der dei blant anna hadde avdelinga sin toppscorar i Markus Naglestad (25 mål). Etter å ha scora 8 mål for Fram Larvik i vinter, meldte Naglestad overgang til Sandefjord rett før overgangsvinduet stengte. 

Fram Larvik har spelt 10 treningskampar i vinter, noko som enda med 4 sigrar, 1 uavgjort og 5 tap. Årets første og einaste seriekamp endte 0-0 heime mot Fana.

  • Sandefjord - Fram Larvik 1-3
  • Fram Larvik - Strømsgodset 1-6
  • Pors - Fram Larvik 1-3
  • Hønefoss - Fram Larvik 1-5
  • Fram Larvik - Bærum 0-2
  • Arendal - Fram Larvik 7-2
  • Vindbjart - Fram Larvik 2-1
  • Follo - Fram Larvik 1-3
  • KFUM - Fram Larvik 1-0
  • Grorud - Fram Larvik 2-2
  • Fram Larvik - Fana 0-0 (seriekamp)

Hødd og Fram Larvik har møtest to gangar før i kamp. Dette var i 1976 i dåverande 2.divisjon avdeling A (nivå 2). Oppgjeret på Høddvoll endte 2-2, medan oppgjeret i Larvik endte med ein 3-2 siger til Hødd. Landslagskeeper Tom Rüsz Jacobsen sto i mål for Fram Larvik.

PostNord-ligaen avd 2

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Bryne Bryne 1 1 0 0 4 2 2 3
2 Nardo Nardo 1 1 0 0 2 1 1 3
2 Vidar Vidar 1 1 0 0 2 1 1 3
4 Notodden Notodden 1 0 1 0 2 2 0 1
5 Hønefoss BK Hønefoss BK 1 0 1 0 2 2 0 1
6 Hødd Hødd 1 0 1 0 1 1 0 1
6 Nest-Sotra Nest-Sotra 1 0 1 0 1 1 0 1
7 Egersunds Egersunds 1 0 1 0 1 1 0 1
7 Vard Haugesund Vard Haugesund 1 0 1 0 1 1 0 1
10 Fana Fana 1 0 1 0 0 0 0 1
10 Fram Fram 1 0 1 0 0 0 0 1
12 Byåsen TF Byåsen TF 1 0 0 1 1 2 -1 0
12 Vindbjart Vindbjart 1 0 0 1 1 2 -1 0
14 Odd 2 Odd 2 1 0 0 1 2 4 -2 0

Hødd - Fram Larvik

22.04.2017 - 16:00

Høddvoll

Trykk her for å kjøpe sesongkort!
Trykk her for å kjøpe enkeltbillett til kampen!

Annonse: