Før kampen: Hødd-Fana

Mykje står på spel når Hødd møter eit Fana i uavgjort-form.

Mykje står på spel når Hødd møter Fana søndag kl. 15.00 på Høddvoll.

Hødd-siger vil gi dei blåkvite åtte eller ni poeng til nedrykksstreken, medan Fana-siger vil gjere vegen ubehagelig kort nedover. 

Hødd kjem frå ein 4-2-siger mot Odd 2 mandag. Med Torbjørn Kallevåg, Robin Shroot og Robin Hjelmeseth inn i førsteellevaren, har dei blåkvite funne scoringsforma. Åtte scoringar på tre haustkampar har det blitt, etter at laget før sommarpausa gjekk tre på rad utan nettkjenning. Spelemessig har det også blitt stigning etter sommaren, så optimismen er tilbake på Høddvoll.

Samtidig har Hødd ei defensiv utfordring å løyse. Ulsteinvik-gutta har sluppe inn mål i åtte kampar på rad, og to eller fleire baklengsmål i alle dei fem siste kampane. Spesielt på dødballar har det blitt mange baklengs. Men Hødd møter no eit Fana-lag som har scora færrast mål av alle på bortebane med sine seks nettkjenningar, så dette er rette anledninga for eit Hødd-lag med auka sjølvtillit til å få ei smultering.

Fana er akkurat under nedrykksstreken, men har plukka poeng i fire av sine fem siste kampar. Merk imidlertid at alle dei har endt med poengdeling.

Forrige helg vart det eit sterkt bortepoeng mot høgtflygande Nardo, og i kampen før det vart det uavgjort mot Odd 2 for gutta frå Bergen.

Sondre Liseth er lagets toppscorar med sju mål. Like mange som Hødd sin toppscorar Torbjørn Kallevåg (bildet).

Kallevåg var ein av målscorarane då laga møttes på Nesttun tidligare i sesongen. Den andre var Bendik Rise, og Hødd vann 2-1.

Så håper vi at DU tek turen til Høddvoll for å støtte Hødd-gutta på søndag. Kampstart er kl. 15.00, og portane opnar ein time før. Vi sjåast!

Annonse: