Før kampen: Hødd-Bryne

Hødd tek imot topplaget på Høddvoll.

Søndag kl. 18.00 er det duka for eit tradisjonsrikt oppgjer når Hødd og Bryne barkar saman på Høddvoll.

Begge klubbane måtte ta steget ned frå OBOS-ligaen i fjor etter fleire sesongar i nest øverste divisjon. I fjor vart det poengdeling i begge møta mellom dei tidlegare cupmeisterane, medan det tidligare i år vart 3-0 på Bryne stadion.

Bryne kjempar om opprykk, og ligg eit poeng foran Nest-Sotra. Klubben frå Jæren er ubesigra så langt denne sesongen. Borte har det imidlertid blitt fire uavgjorte på sju seriekampar til no. Bryne har tre sigrar på rad, og kjem frå ein 4-0-siger mot Fana førre helg.

Hødd har vunne halvparten av sine åtte heimekampar denne sesongen, men det har blitt få poeng på dei blåkvite i dei siste kampane. I fyrste haustkampen førre helg såg det lenge lyst ut, men det enda til slutt i tap. No handlar det om å kapre nok poeng til å halde laga bak seg på tabellen på avstand, og gjere ein betre haustsesong enn vårsesong.

Kampstart er altså kl. 18.00. Vi sjåast på Høddvoll!

KAMPFAKTA

  • Hødd - Bryne

  • Høddvoll

  • Søndag 13. august kl. 18.00

  • Kjøp billett på www.hodd.no

Annonse: