Før kampen: Bryne - Hødd

Førstkomande søndag reiser A-laget til Jæren. Les meir om Bryne, samt kva tankar tidlegare Hødd- og Brynespelar Kenneth Giske har om kampen.

Bryne var, saman med Hødd, Raufoss og KFUM, eitt av laga som rykka ned frå fjorårets Obos-liga. 

Skjermbilde 2017-04-24 kl. 13.10.35
Obos-ligaen 2016 - Skjermdump frå altomfotball.no

I vinter har laget spelt ti treningskampar, noko som har enda med ni sigrar, og eitt tap.

  • Bryne - Brodd 5-1
  • Sandnes Ulf - Bryne 3-1
  • Bryne - Vard 2-0
  • Bryne - Staal 4-0
  • Bryne - San Pedro 9-0
  • Bryne - Europa Point 6-0
  • Bryne - Sola 4-0
  • Egersund - Bryne 1-2
  • Vindbjart - Bryne 1-2
  • Bryne - Vidar 2-0
  • Bryne - Odd2 4-2 (seriekamp)
  • Fana - Bryne 1-2 (seriekamp)
  • Bryne - Brodd 4-0 (cupen)

Tidlegare oppgjer

Bryne og Hødd har møtast fleire gangar tidlegare. Oppgjera i fjor enda begge uavgjort. Dei siste ti oppgjera har enda med tre sigrar til Bryne, to sigrar til Hødd, og tre uavgjorte kampar. Begge Hødd sine sigrar kom i 2015.

  • 2012: Hødd - Bryne 0-1, Bryne - Hødd 1-0
  • 2013: Hødd - Bryne 0-1, Bryne - Hødd 3-1 (Mål: E. U. Andersen)
  • 2014: Bryne - Hødd 2-2 (Mål: F. Aursnes & V. Heltne), Hødd - Bryne 0-3
  • 2015: Bryne - Hødd 1-4 (Mål: E. U. Andersen 2, T. Kallevåg & F. Aursnes), Hødd - Bryne 2-0 (Mål: M. Myklebust 2)
  • 2016: Hødd - Bryne 1-1 (Mål: E. U. Andersen), Bryne - Hødd 0-0

Kenneth Giske sine tankar om kampen

Kva trur du om kampen på søndag, Kenneth?
- Trass laga sine opningskampar trur eg Hødd vil kunne bite frå seg på Jæren. Det blir ikkje lett, men sjansen for eit godt resultat ligg der. Bryne er naturlegvis i førarsetet med sine seks poeng og ein kjempestart på sesongen, medan Hødd har skuffa poengmessig og til dels spelemessig. Hødd skulle, etter mi meining, stått med seks poeng etter kampar mot eit svakt Vardlag, samt eit nyopprykka Fram Larvik på sjølvaste Høddvoll. Riktignok skulle heimekampen vore avblåst på 1-0, men poengfasiten viser to poeng. Eg har stor tru på at Sindre og gjengen har rista skuffelsen av seg og mobiliserer mot det eg vil karakterisere som opprykksfavoritten. Ein skal i alle fall ikkje vise overdriven respekt for Bryne etter deira heimekamp mot Odd2. Grenlandskarane var frykteleg svake. Hødd treng poenga og eg håper på tre bortepoeng. 2-1 til Hødd er mitt tips. Med tre poeng i helga er vi med der oppe og endar til slutt på kvalik, bak Bryne :-)

Bryne - Hødd

30.04.2017 - 18:00

Bryne Stadion

Kjelder: altomfotball.no, nifs.no, bryne.no, header: Tarjei Sel/Jærbladet.

Annonse: