FLOTT KEEPERSAMLING SØNDAG!

I forkant av søndagens kamp mot Bryne FK vart det arrangert "Keepersamling" på Høddvoll. Sjå bileter frå samlinga her!

23 ivrige keeperar (gutar og jenter) deltok på samlinga søndag. Trenarar på samlinga var keeperar frå A-laget (Jan-Lennart, Ole Monrad, Frode) og Rekruttlaget (Joakim).

- Ei kjekk samling, gode tilbakemeldingar og vi gleder oss til neste samling, seier Frode Gjerde.

Annonse fra Obos-ligaen: