FFO Sommarcamp

Det blir lagt opp til FFO "Sommarcamp" i veke 26 og 27. Dette er eit ekstratilbod til elevar etter skuleåret 2016/ 2017 er ferdig. Det blir lagt opp til ulike aktivitetar på Høddvoll og i nærområdet.

Tilbodet skal ha hovudfokus på fysisk aktivitet og skal ikkje vere eit reint fotballtilbod, men vil innehalde ulike aktivitetar gjennom dagen i tillegg til klubbhusaktivitet.
Ulike ballspel, leik, konkurranse og turar er noko av aktivitetane som vi vil halde på med gjennom veka.

Trykk her for påmelding

FAKTA

Tilbod til 1.- 6. klasse.
Opningstid frå kl. 08.00 - 16.00.
Det blir servert tre måltid løpet av dagen (eit av desse måtlida er eit fruktmåltid).
Timespris på kr. 45,-, der ein betaler for dei dagane barnet ditt er påmeldt.
Det blir mulig å melde seg på 1 dag eller fleire dagar. 
Siste frist for påmelding er fredag 9. juni.

Dersom det er mindre enn 8 elevar ein av dagane, klarer vi ikkje å gjennomføre tilbodet denne dagen. E-post vil bli sendt ut om dette blir aktuelt. 

Annonse: