Endringar i Sport

André Nevstad tilbake som sportsjef. Sjå heile pressemeldinga i saka!

Med sportssjef Andrè Nevstad tilbake i 50% so tek Nevstad igjen rolla som sportssjef, opplyser dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei.
Andrè Skotheim har vore fungerande sportssjef for Hødd sidan 9. august. Dette grunna sjukdom hjå sportssjef Andrè Nevstad. Skotheim var allereie godt kjend med klubben gjennom sine tidlegare roller og sitt noverande oppdrag som styremedlem. Såleis var det naturleg å spørje han først når ein skulle ha ein fungerande sportssjef. Skotheim er svært glad for at Nevstad no er tilbake i rolla som sportssjef. Skotheim innrømmer at det har vore krevjande, men lærerikt å ha rolla i tillegg til sin sivile jobb.

Gjennom si periode som sportssjef har Skotheim utretta mykje og har mellom anna hatt ei hovudansvar for spelar- og trenarlogistikk denne perioden og har vore involvert i alt av overgongar, nysigneringar og spelar- og trenarsamtalar samt koordinering av Sporten i klubben. I tillegg er han arkitekten bak implementering av modell med overårige juniorspelarar. I praksis betyr det i år at fem spelarar fødde i 1998 har signert kontrakt for Hødd også for 2018 (eiga pressemelding kjem). Spesielt hadde Andre Skotheim og Sindre Eid ei svært hektisk periode før overgangsvindauget stengte i august. Her var mange løysingar diskutert i tillegg til det som blei gjennomført. Dette har skjedd mykje i klubben desse månadane og Skotheim har hatt løpande samarbeid med mellom andre a-lagstrenar Sindre Eid, rekruttrenar Sander Nyland Håskjold og Andre Nevstad.

Styret i Hødd Fotball uttrykker stor takk til Andrè Skotheim for at han tok på seg ei slik omfattande oppgåve i ei krevjande periode for klubben, og takkar han for den innsatsen han har gjort som fungerande sportssjef. Full jobb i bank kombinert med jobb i Hødd har sjølvsagt vore svært krevjande, men du har løyst et på ein framifrå måte! Vi er svært takksame for jobben du har gjort!


ULSTEINVIK
09.11.2017

Annonse: