Endeleg vår

Les den rykande ferske trenarkommentaren til Ronny Osnes i forkant av Hødd - Fram Larvik. Lukke til med fotballsesongen!

Du kjem sikkert til å høyre Blåsarane synge «Endeleg vår» idag. Denne hyllesten med ei lett sitrande kjensle av forventningar til tida som ligg føre oss. Våren. Varmare i lufta, lettare klede, naturen som vekkast til liv og start av det viktigaste av det uviktige – fotballsesongen.

Fotballsesongane er ein brilliant organisert symbiose. Når det går mot sesongslutt på Balløya, La Liga, Serie A, Bundesliga og vidare, så overlappar vi vakkert med sesongstarten her heime på berget. Når vi er ferdige med vår sesong, så rullar ballen godt elles rundt om i Europa. Det er som eit evig perfekt tima stafettløp, og supert for oss som er glad i fotball.

Utover i 2016 var eg ikkje så glad i fotball. 2016 vart eit år der lovene til Murphy steig fram: Det som kunne gå gale, det gjekk gale og vi hamna i ein utforbakke der bremsene sleits heilt når vi prøvde å trykke dei mot dørken. Etterdønningane vart med inn i 2017 og med skader, sjukdom og uro vart det ein trong start på året og oppkøyringa. Seinare har det har blitt jobba hardt og godt på alle områder, og Hødd mønstrar no ein stall og ei spelargruppe med harmoni, utviklingsfokus og vilje til hardt arbeid med dei rette tinga og strategiane. A-laget har gitt mange unge sjansen so longt i sesongen med mykje hospitering og trening med A-laget, speletid i treningskampane og dermed kan ein håpe på grobotn for ytterlegare motivasjon og inspirasjon for desse i utviklingsarbeidet sitt.

Sivert Pieroth, Eirik Franke Saunes og Daniel Eid fekk løn for godt arbeid over lang tid med A-lagskontrakt, og har gått inn med gode bidrag frå første dag. Preben Sætre har kome tilbake til Hødd etter ikkje å ha fått kontrakt då han gjekk ut som Hødd-junior og viser dermed at tolmod og stå-på-vilje kan gi resultat, sjølv via omvegar. Brødrene Breimyr slutta seg til oss då vi var på treningsleir i Luton, og er flotte gutar og gode fotballspelarar som vil utvikle seg og gjere ein god jobb for klubben. «Særpingane» Badr Rahhoui og Amani valde også Hødd for ta neste steg på karrierestigen sin. Hødd er ein sportsleg attraktiv klubb, fordi spelarar ser at ein kan utvikle seg her og ta steget vidare. Enkel argumentasjon når spelarar frå andre kantar av landet og Høddarar som Pål André Helland, Adama Diomande, Eirik Ulland Andersen med fleire no leverar på toppnivå både her til lands og i utlandet.

Forventningane til sesongen er store, men ein kan ikkje gi lovnader i fotball. «Alle» kan ikkje vinne Premier League og «Alle» kan ikkje rykke opp frå Posten Nord-ligaen avdeling 2. Men våre forventningar er at vi skal kjempe i toppen og så veit ein at marginane må med får å lukkast fullt ut. Vi har sterk tru på at, lukkast vi med å få utvikla spelet vårt utover sesongen både defensivt, offensivt og på dødballar begge vegar, så vil vi ha gode sjansar når sluttstrek skal settast til hausten. Når ein veit marginar kan skille, så må ein vere oppteken av detaljane i spelet for det er her skilnaden mellom scoring og stolpetreff kan ligge. Det blir ein spanande kamp i ei ny liga-ordning. Ny ligaorganisering og litt gryande usikkerheit på korleis dette blir, men det vil sette seg etterkvart med litt nye motstandarar som ein uansett ikkje heilt kjenner kvaliteten på. Også i år blir kampane starta med to lag med 11 mot 11 spelarar, to mål i endane, ein ball å eige mest mogleg og sparke ballen i mål oftare enn motstanderen. Spennande blir det, og kjekt skal vi ha det alle saman: Blåsarar, små og store Høddarar, klubben, frivillige, sympatisørar og alle andre med blått hjarte.

Endelig vår! Lukke til med fotballsesongen!

Utspark frå,
Ronny

Annonse: