EIRIK HAR SIGNERT NY TOÅRSAVTALE

Eirik Franke Saunes (22) har i dag signert ein ny toårsavtale med Hødd Fotball.

Eirik Franke Saunes signerte i dag ein ny toårsavtale med Hødd. Den hardtarbeidande midtbanespelaren har gått gradene i Hødd-systemet og har vore ein sentral spelar for Hødd dei siste åra. Eirik har no bestemt seg for å fortsette utviklinga si i Hødd dei neste to åra.

Hovudtrenar Kevin Knappen var naturlegvis svært godt nøgd med at, ein av hans mest betrodde spelarar, Eirik F. Saunes har forplikta seg for to nye år i klubben:
- Dette er noko vi har jobba med over tid, og vi er veldig godt nøgd med at Eirik no har signert. Eirik er ein lovande spelar med rette haldningar, som jobbar hardt kvar dag for si utvikling. Dette er ei viktig signering for oss som klubb og ikkje minst viktig for spelaren sjølv. Det handla om at Eirik får tryggheit og stabilitet, samt utfordringar i framtida. 
 
Eirik er også veldig glad for å fortsette i Hødd:

- Som ein lokal spelar er eg veldig glad for å ha signert ei ny kontrakt. Eg har eit blått hjerte som bankar for Hødd og det kjennast riktig å bli her ei stund til. 

- Hødd høyrer ikkje heime i PostNord. Hødd skal opp igjen til toppfotballen. Med det som blir gjort på Høddvollhuset i desse dagar så trur eg at reisa opp igjen til toppfotballen ikkje er så veldig lang. Den reisa ynskjer eg ikkje berre å vere ein del av, men eg ynskjer også sterkt å bidra til at skjer allereie neste sesong.

#ejeme

Vi gratulerer Eirik med ny kontrakt!

Annonse: