Ein siger frå opprykks-kvalifisering

Damelaget vann 4-0 mot FK Sykkylven og siger i siste seriekamp vil sikre opprykkskvalifisering.

Hødd vann overbevisande 4-0 mot FK Sykkylven onsdag på Høddvoll. 

Pia Notanes Brandal ga heimelaget leiinga før pause, i ein omgang der Hødd etter ein jamn start overtok banespelet og burda leia meir til kvilen.

Hødd var litt meir effektive i andre omgang. Anna Nygård Thunem, Brandal igjen og Oline Marø Sundgot scora for dei blåkvite, som fort kunne vunne endå meir komfortabelt.

Hødd kan truleg feire opprykks-kvalifisering med eit poeng borte mot botnlaget Brattvåg onsdag 18. oktober. Med siger vil ein vere heilt sikker.

Annonse: