Eid: - Vi skal ta Høddvoll tilbake

- Virkelig trøkke til og fortsette ei stigande kurve.

Etter den viktige sigeren i Skien mandag, er det ein offensiv Hødd-trenar vi møter på kontoret på Høddvoll dagen derpå.

- Kor viktig var sigeren på Skagerak Arena?

- Den var viktig både tabellmessig og for sjølvtillita i gruppa. Vi har vore inne i ei tung periode, men no kan vi bruke sigeren å bygge vidare på til den viktige kampen mot Fana på søndag, seier Sindre.

- Spelemessig har det vel vore ei stigning dei tre siste kampane?

- Ja, spelemessig har vi sett at vi har hatt ei stigande kurve etter sommarpausa, men vi har slitt med å avgjere kampane til vår fordel. Spelemessig fortsatte stigninga i går, og endelig fekk vi også betalt i poeng.

- Hødd har no spelt åtte kampar på rad utan å halde nullen. Kva er nøkkelen til å snu dette?

- Det store problemet har vore dødballmål imot. I går slapp vi inn mål på straffespark. Mål imot på frispark, innkast og straffe har vore gjennomgangsmelodien. Vi er nødt til å skjerpe inn boksspelet vårt, og bli meir resolutt og bestemte der. Det skal vi sjå endå meir på til Fana-kampen. 

Dei tre siste kampane før sommarpausa scora ikkje Hødd eit einaste mål. I dei tre kampane i haustsesongen har dei blåkvite hatt åtte nettkjenningar.

- Er det inntoget av Robin Hjelmeseth og Robin Shroot som har vore nøkkelen til at vi har begynt å score mål igjen?

- Det er klart at vi har fått inn to målscorarar i dei to Robin`ane. I tillegg er toppscorar Torbjørn Kallevåg tilbake, og det er endå ein spelar med mål i seg. Den trioen har betydd mykje for oss i forhold til det offensive.

- Til slutt, Fana på søndag blir ein ny nøkkelkamp?

- Ja, det er det. Fana har vist stigning i det siste, så det blir ikkje enkelt. Ingen kampar er enkle i den nye 2. divisjon. Men vi konsentrerar oss om oss sjølv, og skal bruke den positive energien gårsdagens siger ga oss til å gjere ein god kamp. Vi skal virkelig trøkke til på søndag, og ta Høddvoll tilbake, avsluttar ein offensiv Hødd-trenar.

Annonse: