Ei lang historie saman

Sparebanken Møre og Hødd har ei lang historie saman.

 

Nina Holm Sundgot, Banksjef Ulstein, Sparebanken Møre
Nina Holm Sundgot, Banksjef Ulstein, Sparebanken Møre

Stolt generalsponsor

Vi har vore med som stolt generalsponsor sidan 2003, og det skal vi fortsette med. Gjennom desse åra har vi vore med på både opptura og nedtura, ein heilt naturleg del av fotball. 

Som den største banken i fylket vårt, har vi i Sparebanken Møre eit brennande engasjement for det samfunnet vi er ein del av. Vi er opptekne av at samfunnet i Ulstein og fylket som heilheit skal vere gode stader å bu.

Identitet og stoltheit

Hødd er ein viktig samarbeidspartner og vi har mange fellesinteresser med klubben. Vi er begge lokalt forankra, har lang historie - og vi har eit felles verdigrunnlag. Hødd bidreg til å bygge identitet og stoltheit til vårt lokalsamfunn. Det er viktig for oss, og det vil vi vere med på.

Sparebanken Møre - med både i medgang og motgang.

Nina Holm Sundgot, Banksjef Ulstein

 

Annonse: