Damelaget tek ferie på tabelltoppen!

Damelaget vann 4-2 borte mot Sykkylven onsdag kveld og tek ferie på tabelltoppen!

Kampfakta

Resultat: 2-4 (0-1)
Mål: Caroline Overvåg x 3,  Anna Kristin Brenne x 2, Anna Nerland Aahjem

Dagens store spelar var kaptein Caroline Overvåg som noterte seg for heile tre scoringar. Anna Nerland Aahjem sto for det siste.

Det vart ein tett og tøff kamp i periodevis sterk vind, der Hødd til slutt avgjorde kampen i 2.omgong. Laga gikk til pause med 1-0 leiing til Hødd.

Ein sterk laginnsats gjorde at det til slutt vart tre velfortjente poeng. Sigeren betyr tabelltopp og 3 poengs leiing til Volda som ligg på 2.plass. Laget har spelt 8 kampar og står med 20 poeng, seks sigrar og to uavgjorte kampar. Dette var siste kamp før ferien, første kamp etter ferien er onsdag 22.08 heime mot Herd2. Men før den tid skal mange frå damelaget delta på Norway-Cup i klasse J19.

I kveld spelar HØDD sitt rekruttlag kamp mot Ørsta på bortebane.

Tropp

Lina Dorthea Solheim Stave, Caroline Overvåg, Marte Aarsand Vik, Anna Nygård Thunem, Gro-Elise Aksnes, Rebecca Eikrem Sande, Astrid Oline Roppen, Andrine Nevstad, Anna Nerland Aahjem, Pia Notanes Brandal, Cecilia Mari Strand Bakke, Vilde Sundnes Sundal, Merethe Molvær Terøy, Therese Hareide Holstad, Erika Espeseth Skarbø.

Vi gratulerer Damelaget med sigeren mot FK Sykkylven!

Annonse: