Damelaget spelar kvalik-kamp søndag

Hødd møter Surnadal/Søya/Todalen på Høddvoll kl. 15.00.

Hødd kom to poeng foran Ravn i årets 3. divisjon, og skal med det spele kvalifisering for opprykk til 2. divisjon.

Den første av to kvalik-kampar går på Høddvoll søndag mot samarbeidslaget S/S/T frå Nordmøre.

Surnadal/Søya/Todalen kom likt poengmessig med Træff/Gossen i årets serie, men hadde 12 plussmål betre. Laget vann 10 kampar, spelte ein uavgjort og fekk fire tap. Sjå opp for Thea Holten som vart lagets toppscorar med 23 nettkjenningar på 15 seriekampar.

Hødd rykte ned i fjor etter 10 strake sesongar i 2. divisjon, og det unge Hødd-laget har gjort det bra i årets serie. Dei blåkvite fekk 10 sigrar, ein uavgjort og tre tap. Heime på Høddvoll vart det fem sigrar og to tap med 37-9 i målforskjell.

Kan Hødd på ny ta steget opp til 2. divisjon? Ein stor del av det svaret kjem søndag. Møt opp og støtt Hødd-jentene! Kampstart er altså kl. 15.00. Vel møtt og heia Hødd!

Annonse: