DAMELAGET KLARE FOR 2. DIVISJON

Hødd damelag er klare for 2. divisjon!

Hødd damelag vann si avdeling i 3. divisjon i 2018 og kvalifiserte seg til kvalik mot Træff. Over to kampar vart det for tøft mot laget frå Molde og Hødd damene tapte til slutt 6-1 over to kampar.

No har damelaget fått tilbod om plass i 2. divisjon etter at eit anna lag i divisjonen har trekt seg. Hødd har valt å takka ja til plassen og laget vil derfor spele kampar i 2019 på eit høgre nivå enn i 2018.

Eit spanande år i vente for damefotballen i Hødd!

Erika: - Ei fantastisk nyheit!

- Det er ei fantastisk nyheit, og ein gylden moglegheit Hødd og damene no får til å spele 2. divisjon, og eit løft i tråd med ambisjonane til klubben! No er det berre å brette opp ermane og leggje ned det arbeidet som krevst for å hevde oss i divisjonen, seier Erika Skarbø.

- Dette tilbodet takker vi ja til! For damelaget vil det vere ein fin arena for motivasjon, læring og å skape og vere med på artige opplevingar. Essensen av fotball!, avsluttar styreleiar Iver Morten Normark.

Annonse: