BILLETTINFORMASJON HØDD - BRATTVÅG

No kan du sikre deg billett til kampen mot Brattvåg!

VIKTIG INFORMASJON!

Hødd Fotball tek sitt ansvar med tanke på smittesituasjonen som vi ser rundt oss no og vil derfor stenge Høddvollhuset igjen frå tysdag av. Det betyr at dei som skal kjøpe billett i sesongkortet sitt må gjere dette over nett via billettsystemet eller ta kontakt med billettansvarleg på e-post: [email protected] eller på telefon 99 54 21 59 for å få hjelp.

Grunna endring i smitteprotokollen er det ikkje tillatt med ståplassar i kampen mot Brattvåg. Berre plassar med fastmontert sete er tilltatt å nytte framover. Blåsarane vil derfor få nytte Sparebanken Møre tribunen i dei komande kampane. Her er det satt av 25 billettar. 

Det blir gjort tilgjengeleg 185 billettar på hovudtribunen og 25 plassar på Sparebanken Møre tribunen til Blåsarane. Vi opnar billettsystem tysdag kl. 10.00!

I tillegg blir det lagt ut 200 billettar for sal over VIPPS. Her er det først til mølla for desse billettane. VIPPS kode: 539845

Slik sikrer du deg kampbillett i sesongkortet:
  • Prisen for billetten er kr. 0.
  • Du må logge inn for å få tilgang til kampen. Har du gløymt brukarnamn og passord, kontakt [email protected]. Du vil få "ERROR" dersom du ikkje logga på!
  • Du må tildele eigar på kampbilletten din. Det gjer du i handlekorga. 
  • Du vil få feilmelding når du prøver å kjøpe kampbillett dersom du ikkje har sesongkort frå før.
  • Prøver du å kjøpe meir enn ein kampbillett vil du få ei feilmelding. Husk å tildel eigar for å kjøpe billett på dei resterande sesongkorta. 
  • Prøver du å kjøpe billett utover dei 185 billettane som er gjort tilgjengeleg, så vil du få ei feilmelding.
  • Kampbilletten får du på e-post etter kjøpet er gjennomført. Du må derfor skrive ut kampbilletten og ta den med på kampen. Sesongkortet gjeld ikkje som gyldig bevis.
Meir informasjon om sjølve kampgjennomføringa kjem seinare i veka.
 

God kamp!

Annonse: