BILLETTINFORMASJON HØDD - KBK

Etter ein solid kamp mot Florø i 2. runde i NM er vi no klare for å ta i mot Kristiansund BK torsdag 10. mai! Du lese meir om billettsalet til kampen her!

Eliteserielaget KBK kjem på besøk til Høddvoll i 3. runde i NM. Det blir eit spanande oppgjer mellom to gode lag torsdag kveld. 

Billettinformasjon

Vi har no opna billettsalet til kampen og dei som har sesongkort har forkjøpsrett på setet sitt fram til onsdag 9. mai kl. 12.00. Dersom du ikkje sikrar deg plassen din før denne fristen, vil setet ditt bli tilgjengeleg for alle. Det er derfor viktig at du gjer dette før fristen går ut.

Dei med sesongkort kan gjenkjøpe plassen sin her! (krever brukernamn og passord). Dersom du manglar brukarnamn, send e-post til [email protected] og oppgi namn og plass slik det viser på kortet.

Vi minner om at ALLE må kjøpe billett til kampen. Sesongkortet gjeld ikkje i NM, men det er mogleg å legge billetten sin i sesongkortet ved kjøp. Kun dei med NFF kort har tilgang til fribillettar. 

Vi oppfordrar alle om å kjøpe billett via vårt billettsystem på nett her: https://buyticket.no/hodd/

Dersom du treng hjelp med å kjøpe billett til kampen kan du gjere dette på følgande tidspunkt:

Høddvollhuset
Tysdag 18.30 - 20.00
Onsdag 10.00 - 15.00
Torsdag 09.00 - 15.00

Billettkontoret
Torsdag 16.00 -->

Følg med i saka for oppdaterte tider. Det kan kome endringar i tidspunkta over.

Før cupkampen mot KBK blir det tilbod om pizzabuffet på VIP for alle som kjøper denne type billett på hovudtribuna. 

Det blir også vanlege billettprisar (sjå prisane under).

Pizzabuffet VIP prisar (kun hovudtribune)

Vaksen - Kr. 350,-
Honnør - Kr. 250,-
Barn - Kr. 250,-
Student - Kr. 250,-
Familie (2+2) - Kr. 900,-

Prisane over inkluderer kampbillett og pizzabuffet. Frist for kjøp av denne type billett er torsdag 10. mai kl. 12.00. Inngang ved sidan av billettkontoret. Billetten vil vere merka med Pizzabuffet og den må visast og scannast ved inngangen.

Billettprisar

Hovudtribune
Vaksen - Kr. 150,-
Honnør - Kr. 100,-
Barn - Kr. 100,-
Student - Kr. 100,-

Sparebanken Møre tribuna
Vaksen - Kr. 100,-
Honnør - Kr. 50,-
Barn - Kr. 50,-
Student - Kr. 50,-
 

Ståtribune
Vaksen - Kr. 50,- (Alle under 16 år gratis inngang)

KJØP BILLETT HER!
 

Vi er spenna klar for kamp og håper også du tek turen denne dagen å støttar dei blåkvite til avansement til 4. runde i NM!
 

HEIA HØDD!

Annonse: