BESØK FRÅ BODØ/GLIMT

Denne veka har Stig Johansen frå Bodø/Glimt vore på besøk for å følgje opp Elias Hoff Melkersen som kom på lån til Hødd i førre veke. Foto: Thomas Teige Sporsheim

Onsdag og torsdag denne veka har Stig Johansen frå Bodø/Glimt vore på besøk på Høddvoll for å følgje opp Elias Hoff Melkersen. Vi har derfor tatt oss ein prat med Stig før han reiste tilbake til Bodø.

Elias vart lånt ut til Hødd i førre veke, hadde si første trening laurdag og debuterte søndag med to skoringar. Det er vel ein god start i Hødd-drakta?
- Det var no veldig okey for Elias først å få kome ned hit å begynde å spele vaksenfotball, sidan vi i Bodø/Glimt har laget vårt i 3. divisjon. Det er alltid godt for ein spiss å opne målkontoen og skore mål med ein gang han er involvert i kamp igjen.
 
Eit spørsmål som mange har er kvifor akkurat Hødd?
- Det er vel kanskje matchen som passa mellom Elias, Hødd og Bodø/Glimt. Hødd var ute etter ein spiss med dei kvalitetane som Elias innehar, ein spiss som er aggressiv, løpsvilleg, god avsluttar, og som har eit nivå som Hødd kan dra nytte av, og han kan dra nytte av Hødd av å få vere her å lære. Eg trur denne matchen her var viktig for alle partar. 
 
Korleis blir Elias følgt opp i Bodø/Glimt-systemet framover for å maksimere utviklinga og prestasjonane i Hødd?
- Elias kom til Hødd i førre veke, har blitt ein del av laget og berre nokre dagar etter er eg her å følgjer opp Elias, blir kjent med trenarteamet, klubben og i tillegg har eg fått helst på gamle kjente. No er det 25 år sidan sist eg var her å spelte kamp sjølv, 0-0 trur eg den kampen endte. Så vi vil holde kontakta med Elias, Kevin, trenarteamet og klubben framover. Vi er vaksne folk som berre må snakke i lag der vi finne ut kva vi kan gjere for Elias og kva Hødd kan gjere for at Elias kan vere med å bidra når han er her, og om han skal vere her også neste år. I fotballen veit ein aldri, så eg trur det er viktig at vi er flinke til å kommunisere i og rundt unge spelarar om det er Elias eller spelarar frå eigen klubb. Det er viktig!
 
Bodø/Glimt har vore gode på spelarutvikling over fleire år og har ein tydeleg raud tråd i utviklingsarbeidet sitt. Det er vel då ikkje tilfeldig at laget har fått fram spelarar som Patrick Berg, Fredrik Andrè Bjørkan osv. som no er sentrale på Bodø/Glimt laget som herjar i Eliteserien?
- Det er vel ikkje heilt tilfeldig, men av og til har ein også litt flaks på vegen på kven som er i dei forskjellige årsklassene og kva oppfølging dei har hatt sidan 7års alderen. Vi har også ein veldig tydeleg spelestil som gjer at når du er 13 år, så går du inn i ei eller to roller som du lærer veldig godt. Når du ser på A-laget vårt, så er det ein tydeleg spelestil som er utvikla siste to-tre åra, men samtidig er det 4-3-3. Det er på ein måte den tryggheita vi har som klubb i måten vi spelar på og måten vi ynskjer å oppdra spelarane i klubben. Dei er blitt gode menneske både Patrick, Fredrik, Jens Petter og Ulrik, spesielt dei fire som er lokale no.  
 
Det er stor konkurranse i Bodø/Glimt om spissplassen, der både Kasper Junker og Victor Boniface har skora bra med mål så langt i årets sesong. Elias er bak begge to i køa og vart derfor lånt ut til Hødd ut 2020-sesongen. Kan det vere aktuelt at Elias spelar i Hødd-drakta også i 2021?
- Det er fullt mogleg. Det spørst korleis han gjer det her, om Hødd er nøgde med han, om Elias trivst, og ikkje minst kva gjer Bodø/Glimt med Kasper og Victor. Blir ein av desse solgt, så er spørsmålet om Elias er moden nok for nivået i Eliteserien neste år, eller er matchen så pass god at han forhåpentlegvis spelar OBOS-ligaen med Hødd neste år? I fotballen skjer det så fort, men eg trur først at det er viktig at Elias og Hødd blir kjent med kvarandre, og at dei finn ut korleis ein best mogleg kan dra nytte av kvarandre. 
 

Vi takkar Stig Johansen for besøket i Ulsteinvik!

Annonse: