BERNT MYKLEBUST ER BORTE, 81 ÅR GAMMAL

Ein av Hødd sine heltar frå opprykkslaget i 1965 og 1.divisjonslaget året etter, Bernt Magne Myklebust, døydde 16.november etter sjukdom.

Bernt spelte 168 A-kampar for Hødd og noterte seg for 50 scoringar på desse kampane. Han var med på den dramatiske opprykkskampen mot Kvik i Trondheim 10.oktober 1965.
Tidlegare lagkameratar har gode minne om Bernt! 

  • Ein spelar med god teknikk.  Ein solid vingback, og ein koseleg kar med ein lun humor (Jon Gjerde).
  • Han var ein utruleg grei og fin fyr å ha på laget. Den sterke sida hans som spelar var at han hadde stor fart! (Tor Meinseth).
  • Bernt var i grunnen eit ideal for alle Høddarar. Ein veldig kjekk og blid kar, og som spelar var det farta og teknikken som var hans fremste våpen (Kjetil Hasund).

Etter den aktive karrieren var Bernt i mange år trenar for aldersbestemte lag i Hødd. Eg hugsar han som den første trenaren eg møtte på Høddvoll då eg starta i 1975. Eg hadde Bernt som trenar i tre år til saman og minnest «gåsegang» som oppvarming på idrettsbygget, og ikkje minst turneringane mellom «engelske lag» vinterstida. Dessverre hamna eg på Arsenal og ikkje Leeds, men kjekke treningar var det uansett.

Bernt var ein fin og roleg fyr som lærte oss basisen i fotballen, noko som er ekstremt viktig for dei aller yngste. 

Seinare opplevde eg å treffe på Bernt på Høddvoll på kampdagar. Han var i mange sesongar fast vakt/billettør på stadion, og det vart alltid slått av ein hyggeleg fotballprat.

Den siste gongen eg møtte Bernt i fotballsamanheng var under 100-årsjubileet i fjor sommar då han tok turen innom fotoutstillinga til HØDD I 100. Han sette stor pris på bilda frå dei gyldne øyeblikka i 1965 og 1966. Han var nok stolt over å ha vore ein del av dette eventyret.

Vi i Hødd-familien kondolerer og minnest Bernt med glede, og deler sorga med familien hans. 

Kvil i fred!

Arne Flatin
Hødd-historikar
19.november 2020

Biletetekster:

1)    Bernt jublar over scoring på Høddvoll.
2)    Bernt nede til venstre på det berømte opprykkslaget i 1965.
3)    Bernt besøkte i fjor sommar fotoutstillinga under 100-årsmarkeringa
4)    Bernt som vakt på Høddvoll, noko han var i mange år.
 

Annonse: